Svært trangt rom. Svært dårlig internettkontakt, dette var veldig irriterande då eg var på jobbreise, og trengte å kommunisere på nett. Vi hadde dessutan bestilt henting på flyplassen, og fekk bekreftelse på at dette ville skje. Når vi kom på flyplassen kl 01.30 om natta var der ingen som venta på oss. Når vi då ringte hotellet, tok dei kontakt med sjåføren, som sa han ikkje hadde fått beskjed om å hente nokon denne kvelden, trass i at hotellresepsjonisten såg eposten der vi hadde fått bekrefting om dette. Vi må understreke at personalet heile tida var svært venlege. Imidlertid har ikkje hotellet totalt sett ein materiell standard og service som forsvarar tre stjerner, og det prisnivået dei har lagt seg på. I annonsen reklamerer ein med takterasse, men den terassen hotellet faktisk har var ein vits, rotete, utan skikkeleg sitteplassar, o.l. Dette var ganske provoserande, då den annonserte takterrassen var grunnen til at vi valgte dette hotellet. Så alt i alt var opphaldet ein stor skuffelse, men personalet var det ingenting å utsette på, dei var hyggelege og imøtekomande, og virka egentleg beskjemma over standarden sjølve, vi fekk inntrykk av at dei forstod at kvaliteten ikkje stod i stil med prisen.